
Slik tingar du
- 1
Frå og til
Me sender deg ein SMS
- 2
Ingen luretriks. Sjå prisen før du bestiller.
Sjå etter ein raud traktor
- 3
SMS med fastpris
Me kjem og hentar deg til avtalt tid.
Traktorar frå ditt eige nabolag
Me har traktorsentralar over heile bygda - kort responstid og bra for naturen
- Torget
- Voss stasjon
- Raundalen
- Opkvitne
- Nedkvitne
- Bordalen (vest)
- Bordalen (aust)
- Flatlandsmo
- Liaset
For nye kundar
- Er sjåførane profesjonelle?
- Sjølvsagt!
MasseyTaxi sine sjåførar har både gyldig sertifikat og lang erfaring med transport av både folk og fe. - Kva er tilleggstenester?
- I motsetnad til bilar, er traktor nyttekøyretøy.
Ligg det ei pakke på butikken du vil ha henta, eller vil du få brøyta tunet før helga? Me tek det i samme slengen.
Nytt i år er kantklipp og buføring - må tingast på førehand. - Er dette bærekraftig?
- MasseyTaxi utnyttar overskotskapasiteten i landbruket og er det mest naturvenlege transportalternativet etter hest og spaserstokk. Traktorane køyrer på biodiesel.
- Har de John Deere traktorar?
- MasseyTaxi nyttar kun kvalitetstraktorar frå Massey Ferguson.
Me ser diverre tilfelle av pirattraktor-verksemd, spesielt i helgene.
Persontransport utan løyve er verken trygt eller lovleg, og me vil fråråda på det sterkaste å køyra pirat.
MasseyTaxi utvidar og får stadig fleire oppdrag. Har du lyst å køyra for oss?
Ta kontakt